Vinjar bu- og omsorgssenter

Vinjarheim - Klikk for stort bilete

Me kan tilby 8 omsorgsbustader i eit senter, 8 frittliggjande omsorgsbustader, samt 8 nye omsorgsbustader i forlenging av det eksisterande senteret.


Senteret er heildøgnsbemanna og me har alt av tilbod innan heimetenester.

Heimetenesta er regulert etter Lov om  kommunale tenester  innan pleie og omsorg mm.

Hjelpa vert tildelt etter ei total vurdering etter søknad til bestillarkontoret. Tenesta er gratis og kan omfatte hjelp av ulike pleiebehov, legemiddelhandtering og andre sjukepleieprosedyrar..

 

Kva er viktig for deg?

Målet med tenesta er at brukar skal få bu lengst mogleg i eigen heim, men framleis kjenne på tryggleik og omsorg. Vi ønskjer så langt som mogleg  å gjera jobben saman med deg, ikkje for deg. Vi ønskjer du skal være delaktig i eigen kvardag lengst mogleg. Heimetenesta er ein døgnkontinuerlig teneste.

 

Forventningar du kan ha av våre tilsette:

  • Tilsette i heimetenesta har taushetsplikt jamfør gjeldane lovverk.
  • Tenesta utførast etter ein fagleg vurdering i samråd med og respekt for brukaren.
  • God hygiene.

 

Forventningar til brukar:

Brukar og pårørande skal ha eit samarbeid med personalet, slik at heimen vert ein god arbeidsstad i samsvar med arbeidsmiljøloven. Dette gjeld med tanke på:

  • Fysiske belastningar
  • Temperatur
  • Røyk og liknande
  • Ta hensyn til at tilsette vil unngå å komma i kontakt med husdyr.
  • Ha  flytande såpe og tørkepapir tilgjengeleg.
  • At det blir lagt til rette for bruk av tekniske hjelpemidlar i heimen, for å unngå fysiske belastningar for dei tilsette.

 

Heimetenesta skal i størst mulig grad gi "hjelp til sjølvhjelp"

Tilbod:

  • Helsehjelp, praktisk bistand
  • Dagsenter - frivillig aktivivitet - gjer kva du vil - eller slå av ein drøs
  • Lege som kjem fast 1 gong pr. mnd.
  • Fysioterapeut ved behov
  • Prest/diakon kvar 14 dag
  • Frisør
  • Fotpleie
  • Matombringing
  • Vaktmester


Me har dessutan:
Kjøkken med tradisjonsmat. Me har dagsenter og ei storstove til større arrangement.
Senteret legg vekt på innreiing for å skape eit "heimekoseleg miljø" med brukarane i fokus.
Me legg mykje vekt på at bebuarane får bestemme over eigen kvardag.
Våre slagord er "trivsel - trygghet - tillit - tilhørighet".


Uteanlegg:

  • Turstiar - benker til avlasting, mange uteplasser
  • Sentralt -kort avstand til bibliotek, skule, barnehage, kyrkje, bedehus, samfunnshus

    Aktivitetar:
  • Turar i nærmiljø med sykkel og bil
  • Konsertar, fellessamlingar, høgtidsfeiringar
  • Lokal underhaldning, av skule, barnehage, kulturskule, songkor, m.v.
  • Frivillig arbeid (diakonutval, pensjonistlag, sanitet, m.v.)
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Vinjar bu- og omsorgssenter
Vinjar bu- og omsorgssenter
$(TITTEL)
52 79 09 30
Jorun Karin Steine Lunde
Einingsleiar
52790931