Suldal bu- og aktivitetstililtak

Suldal dagsenter - Klikk for stort bileteSuldal dagsenter Dagtilbod

Suldal bu- og aktivitetstilbod er eit dagtilbod for vaksne menneske med ei funksjonshemming.

Vår visjon er å bidra til auka livskvalitet for kvar einskild brukar gjennom eit meiningsfylt aktivitetstilbod i fellesskap med andre. Dette tilbodet er individuelt tilrettelagt og tilpassa kvar einskild i høve til deira målsetningar. Aktivitetane kan vera fysisk trening, kommunikasjonstrening, ADL- trening, sansestimulering, naturopplevingar, dramatisering, song og musikk m.m.

Dei tilsette er utdanna innan vernepleie, hjelpepleie, helsefagarbeid og barne- og ungdomsarbeid.

Avlastning for funksjonshemma

Suldal bu og aktivitetstiltak har tilbod som skal bidra til at familiar til barn og unge med funksjonshemming  får den hjelpa dei treng for å kunna meistra særleg tyngande omsorgsoppgåver. Avlastingsbustaden fungerer som ein vanleg heim med ulike familieaktivitetar. Tilbodet blir tilrettelagt individuelt for den enkelte brukar.

Brukarane tar del i huslige aktivitetar og vi legg til rette for ADL-trening m.m., vi føljer til og frå eller er delaktige i ulike fritidstilbod. Nærområdet blir flittig brukt. Vi har erfaring i arbeid med barn og unge med funksjonshemming og ulike diagnosar. Samarbeid med heim, skule og andre faggrupper er viktig i arbeidet vårt.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Olaug Skår
Einingsleiar
40 40 63 33