Sjukeheim

Sjuke- og aldersheim er eit tilbod til personar som har behov for pleie og omsorg heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus. 

Sjukeheimen i Suldal er døgnbemanna med sjukepleierar og helsefagarbeiderar. Det er ein eigen sjukeheimslege og me samarbeidar med fysioterapeut og andre hjelpeinstansar. Sjukeheimen har ein somatisk avdeling og ein demens avdeling, samt eige kjøkken og vaskeri.

Tilbod ved sjukeheimen

Korttidsopphald

Ordinært kortidsopphald og rehabilitering

Kortidsopphald er eit tilbod for vaksne med behov for døgnkontinuerleg tilsyn i ein periode. Det kan var observasjonar, behandling eller t.d. opptrening etter sjukehusopphald. Eit korttidsopphald er tidsavgrensa, men kan forlengast etter vurdering.

Opphald på lindrande seng

Tilbod til alvorleg sjuke og døande pasientar frå 18 år og oppover. Føremålet er å gje lindrande behandling, pleie og omsorg ved livets slutt til brukerar med kronisk liding eller anna alvorleg sjukdom.

Pris

Statlege fastsette betalingssats. For 2018 er prisen for korttidsopphald kr. 160 pr. døgn i inntil 60 døgn. Ved opphald over 60 døgn pr. kalenderår, går ein over til vederlagsbetaling. 

Avlastning for pårørande

Avlasting er eit tilbod til dei som bur saman med personar med store pleiebehov, og der ektefelle eller andre står for store delar av omsorga i det daglege. Avlasting kan gis regelmessig eller som eingongstilfelle. Tilbodet er ved somatisk avdeling. Det skal være ein hjelp for at den som normalt har pleieansvaret kan få ein fri periode frå dette. Det kan gis som ei helg, ei veke eller anna. Avlastningsordninga er gratis. Pasient må ha med sine eigne legemiddel.

Lantidsopphald

Langtidsopphald er eit tilbod til vaksne med behov for omfattande pleie, omsorg og behandling heile døgnet. Ein langtidsplass har ingen sluttdato, men varer så lenge behovet består. 

Pris

Statlege fastsette reglar for vederlagsbetaling. Regulert i forskrift om vederlagsbetaling. I betaling for langtidsplass er utgifter til mat, legemiddel, tannlege, hygieneprodukt, klesvask og eigenandelar ved anna helsehjelp inkludert.

Augeblikkeleg hjelp døgn-seng

På somatisk avdeling har me ei "øyeblikkeleg hjelp døgn-seng" (ØHD-seng). ØHD-seng er ei seng der ein kan observere og behandle pasientar lokalt, som elles ville blitt sendt til sjukehus. Det er legevakt som legg inn på denne senga. Den er ikkje for barn og gravide. Diagnose og problemstilling skal var avklart. Maks ligge tid er 72 timar. Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Namn Telefon
Somatisk avdeling (døgnbemanna) 52 79 23 63
Demens avdeling (døgnbemanna) 52 79 23 62
Bestillarkontor 52 79 23 60
Vaskeri 52 79 23 68
Kjøkken 52 79 23 67

 

Søknad

Du finn søknadsskjema her.

Bestillarkontoret handsamar søknadar og gjer vedtak. Det er ingen søknadsfrist og du kan søkje når behovet oppstår. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale vidare kontakt. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og  andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Lovar og reglar

Helsepersonelloven

Lov om pasient- og brukarrettighetar

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester

Forvaltningsloven

Nora Thorbjørnsen
Einingsleiar sjukeheimen
Telefon 52 79 23 89
Renate Sildelid Holmen
Avdelingssjukepleiar
E-post
Telefon 52 79 23 77
Mobil 959 31 156
Solveig Katharina Obrecht-Speth
Avdelingsleiar demensavdelinga
E-post
Telefon 52 79 23 70
Mobil 906 89 874

Opningstid

Kontortid

Mån-fre: 08.00 - 15.30

Somatisk og demens avd.

Bemanna heile døgnet

Kart

Kart