Sand bu- og omsorgssenter

Heimesjukepleien - Klikk for stort bilete

 

"Heimesjukepleien" og psykisk helse ligg under eininga Sand bu- og omsorgssenter. 

 

Senteret ligg utanfor sjukeheimen, og har 22 omsorgsbustadar som vi server. 

 

Sand bu- og omsorgssenter har personalbasen i Bjødnateigenbygget og er ein del av heimetenestene i kommunen.

 

 

 

Vi tilbyr:

  • "Helsehjelp i heimen" på Sand, Erfjord, Ropeidhalvøya og i Vanvik.
  • Praktisk bistand på Sand, Ropeidhalvøya og i Vanvik
  • Middagsombringing
  • Dagsenter på Sand og Ropeidhalvøya
  • Døgnkontinuerleg sjukepleievakt for heile kommunen
  • Psykisk helseteneste for heile kommunen. 
  • I Erfjord ligg praktisk bistand og dagsenterdrift under Jelsa bu- og omsorgssenter. 

 

Heimetenesta er regulert etter Lov om kommunale tenester innan pleie og omsorg m.m.

Hjelpa vert tildelt etter ei total vurdering etter søknad til bestillarkontoret. Tenesta "Helsehjelp i heimen" er gratis og kan omfatte hjelp av ulike pleiebehov, legemiddelhandtering og andre sjukepleieprosedyrar. 

 

"Kva er viktig for deg?"

Målet med tenesta er at brukar skal få bu heime lengst mogleg i eigen heim, men framleis kjenne på tryggleik og omsorg. Vi  ønskjer så langt som mogleg å gjera jobben saman med deg, ikkje for deg! Vi ønskjer difor at du skal vera delaktig i eigen kvardag lengst mogleg. 

 

Forventningar du kan ha av våre tilsette:

  • Tilsette i heimetenesta har taushetsplikt jamfør gjeldande lovverk.
  • Tenesta utførast etter ein fagleg vurdering, i samråd med og respekt for brukaren. 
  • God hygiene.

 

Forventningar til brukar:

Brukar og pårørande skal ha eit samarbeid med personalet, slik at heimen vert ein god arbeidsstad i samsvar med arbeidsmiljøloven. Dette gjeld med tanke på:

  • Fysiske belastningar
  • Temperatur
  • Røyk og liknande
  • Ta hensyn til at tilsette vil unngå å komme i kontakt med husdyr.
  • At det blir lagt tilrette for bruk av tekniske hjelpemiddel i heimen for å unngå fysiske belastningar for dei tilsette. 

 

Heimetenesta skal i størst mogleg grad gi "hjelp til sjølvhjelp".

Førebygging, kvardagsrehabilitering og mestring i eigen bustad vil bli prioritert blant anna ved bruk av ny teknologi. 

 

 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Suldal Kommune
Suldal Kommune
Sentralbord
52 79 22 00
Monica Smedsrud
Einingsleiar
52792364