Psykisk helse

Psykisk helseteneste gir hjelp og støtte til personar som har ein psykisk lidelse. Tilbodet du får er avhengig av kor alvorleg situasjonen din er, og kva som skal til for at du kan få det betre

Kva tilbyr me?

  • hjelp til å meistra angst, depresjon og andre psykiske lidingar
  • støttesamtalar, nettverksarbeid, miljøarbeid og motivasjonsarbeid
  • handtering av medisin
  • dagtilbod med kreativ gruppe
  • lyrikk-gruppe
  • individuell plan og ansvarsgrupper
  • pårørandetilbod
  • hjelp til å finna meiningsfylte aktivitetar
  • å strukturera kvardagen
  • støtte til å handtera bu-situasjon
  • samarbeid med NAV og andre tenester i rehabiliteringsprosess helse/arbeid/fritid
  • oppfølging av rusrelaterte vanskar, i samarbeid med ruskonsulent (NAV)

Korleis få tilbod?

Vaksne over 18 år som:

  • Har eller står i fare for å utvikle psykisk sjukdom
  • Opplever ei livskrise
  • Er pårørande til menneske med psykisk sjukdom

Du kan anten ta kontakt med fagleiar på telefon på dagtid, gjennom søknad til bestillarkontoret eller gjennom tilvising frå fastlegen.  Miljøterapeutisk teneste kan også kontaktast for informasjon. Barn og unge under 18 år kan ta kontakt med helsestasjon, evt psykisk helse for hjelp til å finna rett tilbod.

Slik søkjer du

Du finn søknadsskjema her. Det er ingen søknadsfrist og øknadar blir vurdert kontinuerleg.

Kva kostar det?

Psykisk helseteneste er gratis.

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Lovar og reglar

Psykisk helse
Telefon 52 79 23 83
Mobil 995 83 457

Opningstid

Miljøterapeutisk teneste psykisk helse og rus:

Mån - søn: 08.00 - 21.00

Fagleiar:

Mån - fre: 08.30 - 15.00

Adresse

Bjødnateigvegen 21

4230 Sand