Kommunepsykolog

Psykologitenesta er eit lavterskelstilbod for born, unge og deira familie. Tenesta er organisert under rus- og psykisk helseteneste. Stillinga er delt mellom Suldal og Sauda med sistenemnde som vertskommune, men tilbodet vert gjeve lokalt i begge kommunar.

Målsetting

Psyklogens faglege kompetanse skal bidra til å styrka det tverrfaglege samarbeidet rundt born og unge, og bidra med tidleg intervensjon og behandling for å forebyggja psykiske problem og liding. Psykologen gjer tilbod om direkte hjelp til born, ungdom og familie, men bidrar og med konsultasjon og rettleiing til anna personell som arbeidar med barn og unge. Det ei ei målsetting å vera lett tilgjengelig og med kort ventetid.

Målgruppe

  • Born- og unge med risiko for å utvikla, eller som har utvikla problem knyta til psykisk helse, rusmiddelbruk og/eller vold og traumer
  • Born, unge og deira familiar som bur i Sauda og Suldal kommune
  • Alder ca 0-26 år, men aldersgrensaa er ikkje absolutt. Voksne kan få ein avklaringssamtale, evt. 2-3 samtalar.
  • Eksempel på typiske årsakar til kontakt i ulike aldersgrupper: Born og ungdom med lettare angst og depresjon, sjølvskading, foreldrekonflikt, skulevegring og atferdsvanskar, m.m.
  • Krisehandtering: Dødsfall i nære relasjonar, skilsmisse

Tilbod

Konsultasjon, utredning/ vurdering, avgrensa individualbehandling/- terapi, samspelsintervensjonar, tilknytningsfokusert familiearbeid, rettleiing. Vidare tilvining til spesialisthelsetenesta for born, unge og voksne (herunder bl.a. BUP og DPS).

Søknad

Du treng ikkje tilvisning. Dei som treng hjelp kan ta direkte kontakt via brev, e-post, sms eller ved å ringja. Du kan og ta kontakt via helsestasjon eller fastlege. Tilbodet er gratis.

Brynjar Eiriksson
Kommunepsykolog
E-post
Telefon 52 79 22 77
Mobil 907 79 616

Opningstid

Tys. 08.00 - 15.30

Tor. 08.00 - 15.30

Fre. 08.00 - 15.30

Adresse

2. etg. på Helsetunet

Eidsvegen 3

4230 Sand