ParkeringskortLytt til tekstenStopp avspillingEr du bilførar eller passasjer og har særlege problem med å bevega deg over lange strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for forflytningshemma.Kva er parkeringsløyve?Løyvet gis i form av eit personleg parkeringskort som gir deg rett til parkering på merka parkeringsplassar. Kortet gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med forsida godt synleg. Kortet gjeld også i heile Europa, men då etter dei einskilde land sine reglar. Løyvet gjeld i 4 år om gongen. Kven kan søkja? Førar av motorvogn som har særleg behov for parkeringslettnad i samband med bustad, arbeid og/ eller annan aktivitet når vedkommande ikkje kan gå eller å bevege seg over lengde Passasjer som har særleg behov for parkeringslettnad i samband med bustad, arbeid og/ eller annan aktivitet når vedkommande ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over lengde.Her kan du nytta parkeringskortetMed kortet kan du parkera i heila landet på: reserverte parkeingsplassar for funksjonshemma angitt ved offentleg trafikkskilt avgiftsbelagt kommunal parkeringsplass utan at avgift må betalast parkeringsplass med skilta tidsbegrensing frå 30 minutt og oppover med inntil dobbel tid, med unntak av skilta tidsbegrensing på særskilt avsett plass for forflytningshemma med parkeringstillatelse. stader der det er innført bustad- soneparkeringSøknadDu finn søknadsskjema her. Legeerklæring og passfoto må sendast per post eller leverast på kommunen sitt servicetorg på kommunehuset. Det er ingen søknadsfrist og du kan søkja heile året. Tenesta er gratis.Dersom søknaden vert innvilga kan me sende parkeringskortet i posten, eller så kan du hente det på servicetorget.Skulle situasjonen din endre seg slik at du ikkje har behov for kortet, eller det er grunn til å mistenke misbruk, kan kommunen trekkje løyvet.KlageAvslag på søknad kan påklagast til kommunestyret i kommunen. Vegdirektoratet er likevel klageinnstans når førsteinnstandsvedtak om avslag er gjort i kommunestyretLovar og reglar Nasjonal Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede Publisert avElise Nedrejord Publisert15.05.2018 08.39