Legekontoret

Bilde Helsetunet - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Adresse:     Helsetunet, Eidsvegen 3, 4230 Sand

Telefon:      52 79 23 00

Legevakt:   116 117

 

Opningstider Suldal legekontor

Telefonen er stengt mellom kl. 11.30 - 12.30
Dag Ekspedisjon Telefon
Måndag kl. 08.00-15.30 kl. 08.00-14.30
Tysdag kl. 08.00*-15.30 kl. 08.00*-14.30
Onsdag kl. 08.00-15.30 kl. 08.00-14.30
Torsdag kl. 09.00-15.30 kl. 09.00-14.30
Fredag kl. 08.00-15.30 kl. 08.00-14.30
* kvar 1.tysdag/mnd kl.09.00

Nytt frå juni 2017: Timebestilling til blodprøver, fjerning av sting, sårskift, blodtrykksontroll mm.

Bestille time på SMS

Legekontoret vil betra si tilgjengelegheit og ber difor pasientar bruka SMS til:

- bestilling av reseptar

- ved spørsmål om svar frå undersøkelsar

- bestilling legetime osb.

Start tekstmeldinga med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld og send til 2097Du mottek stadfesting på melding. Endeleg svar blir sendt så snart som mogleg (mellom kl 08.00-15.30). Kostnad ved bruk av SMS er kr 6,- per melding.

OBS: For å kunne bruka SMS-tenesta, kan en ikkje ha sperra sitt mobilabonnement for innhalds- og kortnummertenester.

Reseptar

Reseptar bør fornyast ved kontrollar hjå lege. Faste medisinar kan fornyast ved å ringe eller sende SMS. Reseptar vil verta klare i løpet av 2-3 virkedagar og hentes på apoteket.

OBS! Me tilrår at pasientar tar kontakt i god tid etter den siste reseptekspederinga på apoteket.

Kven har rett til fastlege?

Formålet med fastlegeordninga er å betre kvaliteten i allmenntenesta ved at alle som ønskjer det skal kunne få ein fast allmennlege å forhalde seg til. Dei fleste som er busett i Norge har krav på fastlege.

Kven er din fastlege og korleis byte fastlege?


www.helsenorge.no kan ein få meir informasjon om fastlegeordninga. Du logger deg inn med Bank ID, Bank ID på mobil eller Buypass. Her kan du sjå kven som er fastlegen din, byte fastlege, sjå kjernejounal, vaksinar eller bestille Europeisk helsetrygdkort mm.

Du kan byte fastlege to gonger per kalenderår. I tillegg kan du byte fastlege dersom du melder flytting til folkeregisteret, fastlegen din sluttar eller reduserer lista si.

Ved akutt sjukdom eller skade

Ved akutt sjukdom eller skade som gjer at du treng hjelp straks, vil du få time hjå den legen som har vakt, sjølv om du har fastlege ein annan stad. Ring tlf: 116 117

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Post mottak
$(TITTEL)
Adriaan van Ruiven
Einingsleiar - Helse
52 79 23 18