Legekontor

Når du treng hjelp - kven skal du ringje?

  • Legekontoret - I opningstida. Tlf. 52 79 23 00
  • Legevakt - når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Tlf 116117
  • 113 når det er akutt og står om liv.

Opningstid

Dag Ekspedisjon Telefon Telefon
Måndag kl 08.00 - 15.30 kl 08. 00 - 11.30 kl. 12.30 - 14.30
Tysdag kl 08.00 - 15.30 kl 08. 00 - 11.30 kl. 12.30 - 14.30
Onsdag kl 08.00 - 15.30 kl 08. 00 - 11.30 kl. 12.30 - 14.30
Torsdag kl 09.00 - 15.30 kl 09. 00 - 11.30 kl. 12.30 - 14.30
Fredag kl 08.00 - 15.30 kl 08. 00 - 11.30 kl. 12.30 - 14.30

 

Kven har rett til fastlege?

Dei fleste som er busett i Norge har krav på fastlege. Formålet med fastlegeordninga er å betre kvaliteten i allmenntenesta ved at alle som ønskjer det skal kunne få ein allmennlege å forhalde seg til. Du kan byte fastlege her.

Korleis bestille time?

Du kan ringja til legekontoret, bestille her eller bestilla via SMS.

Legekontoret vil betra sin tilgjengelighet og me ber pasientar om å nytta SMS til:

  • Bestilling av reseptar
  • Ved spørsmål om svar frå undersøkelsar
  • Ønske om legetime

Start tekstmeling med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til 2097.

Når sms er sendt får du ei stadfesting på SMS. SMS-meldingane til legekontoret vert lest før alminnelig opningstid og i løpet av dagen. Endelig svar vert sendt så fort me får ekspedert svaret. 

Reseptar

Reseptar bør fornyast hjå lege. Faste medisinar kan fornyast ved bruk av SMS(sjå punkt over), bestille her eller ved å ringja til legekontoret. Reseptar vert klargjort i løpet av 2-3 virkedagar og medisinar kan hentast på apoteket. Me tilrår at pasientar tar kontakt i god tid etter den siste reseptekspederinga på apoteket.

Legevakt

Alle kommunar i Noreg har ein legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgeret. Ring 116117 for å komma i kontakt med legevaktsentralen i det området du er i. Legevakta i Suldal er lokalisert i same lokale som legekontoret, men med ein annan inngang. Inngangen til legevakta er til høgre og rundt hjørnet for hovudinngangen. Legevakta er ubetent, og ein må alltid ringe først.

 

Lenkjer

Pasient- og brukarrettighetsloven

Pasientskadeloven

Lokalet er tilpassa bevegelseshemma

Adriaan Van Ruiven
E-post
Telefon 52 79 23 18
Mobil 454 22 697
Legekontor
Telefon 52 79 23 00

Adresse

Helsetunet

Eidsvegen 3

4230 Sand