Kvardagsrehabilitering

 

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til bebuarar i kommunen som har opplevd redusert funksjon i eit eller fleire daglege gjeremål, som har ynskje om å meistre kvardagen igjen. Søkjar av tenesta må ha eit aktivitetsproblem og/eller ein funksjonsnedsetjing, som har gjort kvardagen vanskelegare å meistre. Tilbodet er tidsavgrensa og gjeld vaksne over 18 år som bur i eigen heim.

Døme på daglege gjeremål:

  • Påkledning
  • Trappegange
  • Dusj/personleg hygiene
  • Handling av varer
  • Utandørs gange
  • Deltaking i sosiale aktivitetar
  • Husarbeid
  • Hente posten
  • Stelle i hagen
     

Kva kan du forvente av oss?

Vi er eit tverrfagleg team som er sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiarar og heimetrenarar, som i samarbeid med deg kan bidra til at du kan nå dine mål. Vi kjem heim til deg, og vi vil hjelpe deg til å trene på dei aktivitetane du synest er viktig å meistre i kvardagen din.
 

Kva forventar vi av deg?

Vi forventar at du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett deg, slik at du i størst mogleg grad på nytt kan bli sjølvhjelpen i eige liv.

Kva kostar det?

Kvardagsrehabilitering er gratis. 

Korleis søke?

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om kvardagsrehabilitering. I søknadsskjema skriv du om dine hjelpebehov og aktivitetar som du no opplev som vanskelege. 

 SØKNADSSKJEMA HELSE OG OMSORGSTENESTER
 

Send søknad til: 

Suldal Kommune
v/Bestillarkontoret
Eidsvegen 1
4230 Sand 

Kva skjer vidare?

Når du søker om helse- og omsorgstenester vil Kvardagsrehabiliteringsteamet gjere ei vurdering på om du fell inn under kriteriene for kvardagsrehabilitering. Teamet tek deretter kontakt med deg for å avtala eit kartleggingsbesøk.  

Har du spørsmål?

For spørsmål om kvardagsrehabilitering kan du ringe til:

  • Ergoterapeut på telefon 45978200
  • Bestillarkontoret på telefon 52792360
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Suldal kommune
Suldal kommune
Bestillarkontoret
52 79 23 60
Ann Kristin N. Nordvik
Ergoterapeut
52 79 23 74