Koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikra eit heilskaplege tilbod til pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester. Me samarbeidar på tvers av fagområder, nivå, sektorar og legg til rette for brukarmedverknad. Koordinerande eining:

  • kartlegg og vurderer hjelpebehovet
  • skal ha oversikt over tenester som er tilgjengelige i Suldal kommune
  • formidle kontakt med dei som er aktuelle for deg
  • sikre at dei ulike tenestene du får fungerer saman
  • gjer vedtak og sikrar framdrift i arbeidet med individuell plan

Kven kan få tilbod om tenesta?

Pasient og brukarar som har behov for langvarige og koordinerte tenester kan ha rett på å få oppnemnd ein koordinator og utarbeida ein individuell plan.

Korleis få tilbod?

Ein må henvenda seg til koordinerande eining ved bestillarkontoret. Det kan ein gjera ved å nytte søknadsskjema. Den som treng hjelp, familie, pårørande og fagfolk kan ta kontakt med oss. Koordinerande eining handsamar søknaden og du blir invitert i møtet når saka skal handsamast.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Kva skjer vidare?

Leiar ved koordinerande eining vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale møte i koordinerande eining.  Vurderinga skjer i samråd med deg og  andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.

Klage

Sakshandsamar kan gi rettleiing dersom du har behov for å klage på eit vedtak

Lovverk

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinerande eining

Helse- og omsorgstenestelova

Anne Marie Torsteinbø
E-post
Telefon 52 79 23 61

Opningstid

Mån - fre: 08.00 - 15.00

Adresse

Bjødnateigvegen 21

4230 Sand