Jelsa bu - og omsorgssenter

Utvendig bilde Jelsa - Klikk for stort bilete

Jelsa aldersheim blei bygd i 1966 og ligg flott og sentralt til i sentrum av Jelsabygda med fin fjordutsikt og med god korrespondanse til Stavanger og Haugesund.

Institusjonen hadde opprinneleg plass til 10 personar i aldersavdelinga. I tillegg var det 6 verna bustader i annekset.

I 1993/94 blei det gjort ei omfattande restaurering og utbygging av aldersheimen.

Senteret omfattar 12 omsorgsbustader i bufellesskap, samt 6 verna bustader som ikkje er tilrettelagde for rullestolbrukarar.

I tillegg til brukarane inne på bu- og omsorgssenteret yt me og tenester ute i bygdene som soknar til Jelsa skulekrins. Me yt heimehjelpstenester i Erfjord, samt at Erfjord eldresenter, som har dagtilbod 2 dagar i veka, blir administrert herfrå.

Brukarane får tenester etter behov: helsehjelp, praktisk bistand, matombringing, dagsentertilbod, vask av klær, frisør, fotpleie, tryggleiksalarm, vaktmeister, prest, diakon, fysioterapeut og legetenester.

Me arrangerer mellom anna turar, konsertar, har den årlege basaren, grilldag, besøk frå barnehagen, samt besøk av frivillige på dei faste fredagssamlingane.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Monica Smedsrud
Einingsleiar
52 79 23 64