Jordmor

Jordmortenesta er ein obligatorisk del av kommunehelsetenesta, og samarbeider blant anna med lege, fysioterapeut og helsesøster. I samarbeid med Sauda og Helse Fonna har Suldal kommune følgjeteneste for fødande til fødeavdelinga ved Haugesund sjukehus.

Svangerskapskontrollar

Jordmor og lege ved Helsetunet på Sand samarbeidar om svangerskapskontrollane. Første kontroll er ca i 8-12 svangerskapsveke, eller før ved behov/ønske. Svangerskapskontrollane er gratis. Me samarbeidar med gynekologisk poliklinikk ved Haugesund sjukehus i risikosvangerskap.

På første kontroll vil du få tilbod om ultralydundersøkelse og me henviser deg for time til sjukehuset. Du får vanlegvis time mellom 17-19 svangerskapsveke.

Jordmorvakt

Ved å ringja legevaktsentralen 116117 får du tak i jordmor eller lege som har vakt. Når du skal føde kan du få tilbod om ambulanse eller jordmorfølgje til sjukehuset. Nokre reiser med privat transport. Dette vurderes individuelt.

Du vert utskrevet frå barselavdelinga etter ca. 3 dagar. Det er mulighet for barselkvinner og familie for overnatting på eit familierom på sjukehuset. Ved normal fødsel kan du flytta til familierom etter 4 timar.

Heimebesøk

Når du er komen heim frå sjukehuset, tar helsestasjonen kontakt med deg og avtalar tid for heimebesøk. Du kan ta kontakt med oss når du kjem heim dersom du ønsker tidleg heimebesøk. 

Etterkontroll

6-8 veker etter fødselen har du tilbod om etterkontroll hjå jordmor eller lege. Du må ha med urinprøve på etterkontrollen.

Silje Kvamme Handeland
E-post
Telefon 52 79 23 10
Mobil 917 34 891
Helsestasjonen
Telefon 52 79 23 10

Opningstid

Mån. 08.00 - 15.30

Tys.  08.00 - 15.30

Tor. 08.00 - 15.30

Ope kvar tredje fre. 08.00 - 15.30

Adresse

Eidsvegen 3

4230 Sand

Kart