Helsestasjon for born 0-5 år

Helsestasjonen er eit gratis helsetilbod til alle born i alderen 0-5 år og familiane deira.

Kva tilbyr me?

Alle barn blir jamnleg kalla inn til konsultasjonar på helsestasjonen. Du kan også sjølv ta kontakt ved behov. På helsestasjonen kan de få rettleiing og støtte i spørsmål om vekst, utvikling og samspel og tilknytning hos bornet. Amming og ernæring, reaksjonar etter svangerskap og fødsel, stell av sped- og småborn, svevn, språkutvikling, grensesetting og leik er tema som småbarnsforeldre kan vere opptatt av. Helsestasjonen gir tilbod om rettleiing individuelt, eller i grupper.

Følgjande faggrupper er knytta til helsestasjonsstenesta: jordmor, helsesjukepleiar, helsesekretær, lege og barne- og familierettleiar.

Korleis få tilbod?

Når du/de har født eller adoptert eit born skal du ringe helsestasjonen. Bornet vil få tilbod om helseundersøkring og vaksinasjon ved ulike alderstrinn. Ved helsestasjonen kan de få rettleiing og støtte i spørsmål som knyttar seg til vekst, utvikling og trivsel hos bornet.

Kva kostar det?

Alle tilbod på helsestasjonen er gratis.

Barnevaksinasjonsprogammet

Bornet blir vaksinert etter barnevaksinasjonsprogrammet
 

Når blir bornet innkalt?

Program helsestasjon
Når Innhald
Ca. 1- 3 dagar Heimebesøk av jordmor
Ca 7 - 10 dagar Heimebesøk av helsesjukepleiar
3 veker Helsesjukepleiar. Vektkontroll (ved behov)
Ca 4. veker Barselgruppe med helsesjukepleiar og jordmor
6 veker Helsesjukepleiar + lege. Samtale, legeundersøking + vaksine
9 veker Temagruppe: Samspel
3 månader Helsesjukepleiar. Vaksinasjon
4 månader Temagruppe: Fysio / evt. individuell hjå helsesjukepleiar
5 månader Helsesjukepleiar. Vaksinasjon
6 månadar Helsesjukepleiar + lege. Samtale og legeundersøking
7/8 månader Temagruppe: tannhelse. Besøk frå tannklinikken / evt. individuell hjå helsesjukepleiar
10 månader Helsesjukepleiar
12 månader Helsesjukepleiar + lege. Samtale, legeundersøking + vaksine
15 månadar Helsesjukepleiar. Vaksine
18 månadar Helsesjukepleiar. (ved behov)
2 år Helsesjukepleiar + lege
4 år Helsesjukepleiar
6 år Skulestartundersøking, helsesjukepleiar + lege, samtale og legeundersøking

Nyttige lenkjer

Medietilsynet om born og medier

Helsestasjonen
Telefon 52 79 23 10

Opningstid

mån - fre: 08:00 - 15:00

Adresse

Eidsvegen 3
4230 Sand

Kart

Kart