Skulehelsetenesta

Kva tilbyr me?

Alle skular har ei skulehelseteneste med helsesøster. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonen sitt tilbod til barn og ungdom i skulepliktig alder. Helsesøster si rolle er å støtte elevar, foreldre og skule i å skape gode oppvekstvilkår og fange opp signal på mistrivsel og avvik.

  • Helsesøster har fast frammøtetid på kvar skule.
  • Helsesøster har ei open dør for alle elevar - kom gjerne innom for ein prat.
  • Helsesøster arbeider bredt tverrfagleg, og deltar i opppvekstteam på skulane. Samarbeid med andre instansar skal skje i forståing med føresette.
  • Skulelegen møter alle elevane gjennom helsekontroll før skulestart. Seinare er skulelegen medisinsk rådgjevar for skulehelsetenesta.

Program for skulehelsetenesta

Når Innhald
Skulestart Helsekontroll av førskuleeleven v/ helsesøster og lege. Syn/ hørsel/ høgde/ vekt
1. klasse Samtale med kontaktlærar, evt. oppfølging av enkelte elevar. Ev.t delta i Zippys venner, etter avtale med kontaktlærar. Delta på foreldremøte.
2. klasse Vaksine mot polio, difteri, kikhoste og stivkrampe. Eleven vert innkalla saman med foreldre/føresette. Samtale om helse, trivsel eller anna føresette/eleven vil ta opp.
3. klasse Høgde/ vekt
4. klasse Gruppesamtale m/elevane. Tema: kosthald, fysisk aktivitet. Delta på klasseforeldremøte.
5. klasse Undervisning om psykisk helse, psykologisk førstehjelp.
6. klasse Undervisning/ samtale jente- og guttegrupper. Pubertetsutvikling. Vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar
7. klasse Undervisning/samtale om rus/tobakk med politi + SLT. Vaksine mot HPV.
8. klasse Samtale med kvar elev v/ helsesøster
9. klasse Klasseundervisning: seksualitet, samliv, prevensjon, kjønnssjukdomar
10. klasse Samtale med kvar elev v/helsesøster. Vaksine difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. Utdeling av vaksinasjonskort.

Adresse

På kvar skule