OmsorgslønLytt til tekstenStopp avspillingOmsorgsløn er ei ordning til personar som har særlig tyngande omsorgsarbeid og som utfører oppgåver som elles måtte vore utført av kommunen. Omsorgsløn skal gjer det mulig for private omsorgspersonar å opprettholda omsorgsarbeidet for sine næraste.Kven kan få omsorgsløn?Omsorgsmottakar må ha fysiske, psykiske eller sosiale grunnar som gjer at dei har bistandsbehov frå privatpersonar. Omsorgsløn vurderast opp i mot andre tenester som kommunen kan tilby. Føresetnadar og vilkår må vera oppfylt før vedtak om omsorgsløn vert fatta, for meir informasjon kan du ta kontakt med bestilltarkontoret.SøknadDu kan søkje om å få omsorgsløn med bakgrunn av sjukdom, skade, nedsatt funksjonsevne eller liding. Ta kontakt med bestillarkontoret eller søk her.LenkjeHelsenorge om omsorgsstønadKlageViss du ikkje er fornøyd med vedtaket du har fått kan du klage. Send klagen til kommunen. Viss du treng hjelp kan sakshandsamar rettleia deg.Lover og reglerHelse- og omsorgstenestelovaPasient- og brukarrettighetslova Publisert18.04.2018 10.01