Matombringing

Me tilbyr matombringing på middag for alle med vedtak. For heimebuande gis tilbudet  6 dagar i veka. På bu- og omsorgssenter kan ein få tilbod om middag 7 dagar i veka, samt tilbod om kjøp av frokost og kvelds. Har du gjester kan du få bestilla mat til desse dagen før via kjøkken.

Kven kan få tilbod?

Alle kan få tilbod uavhengig av alder om du har rett på tenesta.

Slik søkjer du

Søknadsskjema finn du her

Bestillarkontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Søknadar vert handsama fortløpande. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale ev. eit heimebesøk.  Vurderinga skjer i samarbeid med deg og  andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før. Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtale oppstart av tenesta.

Kva kostar det?

Type Pris
Middag til brukarar med fast avtale kr. 80,-
Frukost/kvelds/graut til brukarar med fast avtale kr. 36,-
Middag til personalet i den einskilde sona kr. 96,-
Middag til besøkjande inkl 25% mva kr. 96,-
Middag til born under 10 år inkl 25% mva kr. 0,-

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Bestillarkontoret
Forvalting av helse- og omsorgstenester
E-post
Telefon 52 79 23 60