Heimehjelp/praktisk bistand

Heimehjelp er tilbod til personar som er avhengig av hjelp i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.

Heimehjelpa kan hjelpe deg med praktiske oppgåver som reingjering, oppvask, tilbereding av mat eller andre aktivitetar. Heimehjelpa kan og veileda deg i korleis du klarer deg meir sjølvstendig i forhold til reinhald i heimen.

Kven kan få tilbod?

Alle kan få tilbod uavhengig av alder om du har rett på tenesta.

Søknad

Du må søkja til bestillarkontoret. Har du rett på tenesta får du vedtak på det.

Søknadsskjema finn du her

Bestillarkontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Alle søknader blir vurdert kontinuerlig.

Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før. Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtale oppstart av tenesta.

Pris

Prisen er avhengig av inntekta di og det er bestemt kor mange timar du må betale for. Betalingssatsar for praktisk bistand vert fastsett sentral, jfr forskrift om kommunal egenandel i helse og omsorgstjeneste § 10.

2019 Timesats Utgiftstak pr. mnd.
Inntil 2G kr. 210 kr. 210
2G - 3G kr. 250 kr. 700
3G - 4G kr. 250 kr. 1 310
4G - 5G kr. 250 kr. 1 990
Over 5G kr. 250 kr. 2 560

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Lovar og reglar

Helse- og omsorgstjenestelova

Bestillarkontoret
Forvalting av helse- og omsorgstenester
E-post
Telefon 52 79 23 60
Vakttelefon heimesjukepleie
Mobil 995 83 440
Bjørg Elin Lorentzen
sekretær
E-post
Telefon 52 79 23 46
Mobil 474 82 726
Monica Smedsrud
Einingsleiar
E-post
Telefon 52 79 23 64
Mobil 404 85 607

Opningstid

Mån-fre: 08.00 - 15.00

Adresse

Suldal kommune

v/ Bestillarkontoret

Bjødnateigen 21

4230 Sand