Kva er ein aktivitetsven?
Nasjonalforeninga for folkehelse har etablert eit tilbod, Aktivitetsven for personar med demens. Målet er at personar med demens skal få fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen.
Den frivillige Aktivitetsvenen og personen som har demens vil gjera aktiviteter i lag, som å gå tur, gå i teater eller på kino, spela spel, fiske, gjera hagearbeid, eller berre treffast for ein kopp kaffi og ein liten prat.
Vil du bli aktivitetsven?
Derom du har spørsmål til kursa eller om å bli Aktivitetsven i Suldal, ta kontakt med Grethe Jæger Anglevik på telefon: 979 71 600, eller på mail: grethe.anglevik@suldal.kommune.no eller Nina Steine på tlf. 473 18 065, ho jobbar som demenskontakt.
Aktivitetsven fins nå i alle fylker. Utviklinga skjer i samarbeid med våre lokallag, kommunar, frivillige organisasjonar og andre aktørar. Nasjonalforeninga for folkehelse etablerer Aktivitetsven med midlar frå TV-aksjonen 2013. For meir informasjon om Aktivitetsven, send ein e-post til aktivitetsvenn@nasjonalforeningen.no , eller kontakt nasjonalforeninga på telefon 23 12 00 00.
Du kan lesa meir om aktivitetsven her