Fysioterapi

Fysioterapiavdelinga er ei avdeling under Helse og held til på Helsetunet på Sand.

Arbeidsområde
Fysioterapitilbodet i Suldal omfattar fire kommunale fysioterapeutar og ein privat praksis på Sand. I utgangspunktet vil pasientane kunne velja kvar dei vil venda seg for behandling. Visse typar behandling og tilbod er normalt lagt til den kommunale tenesta. Til dømes born, eldre på institusjon, funksjonshemma og førebyggande tiltak. Dersom pasienten ikkje kan reisa til behandlingstaden kan det gis heimebehandling. Nokre av fysioterapeutane har spesialfelt som komplett fysikalsk lymfeødembehandling, IMS-nålebehandling, basal kroppskjennskap og slyngebehandling.

Prioriteringar og ventetid
Fysioterpaihenvisingar vert prioritert i 3 grupper alt etter diagnose og akutt situasjon. I periodar med stor pågang for fysioterapitenester, vil lege prioritera slik at dei med størst behov kjem først.

Rekvisisjon/timebestilling
Med rekvisisjon frå lege er det ein viss eigenandel for kvar type behandling. Frikort gjeld ikkje for fysioterapi, men dersom ein når eigenadel 2, får ein rett til fri behandling vidare. Visse skader/sjukdommar gir rett til full refusjon, dvs gratis behandling.
 

Hjelpemiddel
Ergoterapeuten på Bestillarkontoret har i hovudsak ansvar for søknadar og tilpassing av hjelpemiddel til brukarar i Suldal. Ved behov hjelper også fysioterapeutene til med å tilpasse og skaffe hjelpemiddel til bruk i heimen eller arbeidsplassen.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Åshild Sukka Mehus
Åshild Sukka Mehus
Avdelingsleiar fysioterapi
52 79 23 36
Helene  Fjellheim Midthun
Helene Fjellheim Midthun
Fysioterapeut / Friskliv
52 79 23 40
Tone Vold Solheim
Fysioterapeut
52792334