Frisklivssentralen

På Frisklivssentralen kan dei som ønskjer det få hjelp til å komme i gong med livsstilsendring innan fysisk aktivitet, kosthold, tobakk og lettare psykiske plager. Me har individuell oppfølging, kurs og faste treningsgrupper som ein kan delta på.

Tilbodet startar og avsluttast med ein helsesamtale. Me er ei førebyggande helseteneste som jobbar etter helsedirektoratet sine anbefalingar.

Kven kan få tilbod om tenesta?

Menneske som har har eit ønskje om livsstilsendring som har behov for drahjelp til å komme i gong med dette.

Det gjeld særleg deg som har auka risiko for, eller som har utvikla ein livsstilssjukdom som til dømes diabetes type 2, hjarte-karsjukdom m.m. Me på Frisklivssentralen kan hjelpe deg med å endre levevanane og å meistre sjukdomen.

Korleis få tilbod?

Du kan ta direkte kontakt med Frisklivssentralen på telefon, mail eller komme innom i våre lokal på fysioterapien.

Me tar og imot frisklivsreseptar/henvisningar frå lege, anna helsepersonell og NAV. Ein kan og fylle ut frisklivsresepten sjølve og komme med til Frisklivssentralen. Frisklivsresepten finn du her. (PDF, 363 kB)

Kva kostar det?

Dette er eit lågterskeltilbod som alle skal ha moglegheit til å delta på. Individuell oppfølging og deltaking på grupper er gratis, medan kursa kostar kr 300.

Helene Fjellheim Midthun
Fysioterapeut / Friskliv
E-post
Telefon 52 79 23 40

Opningstid

Mån-tors: 08.30-15.00

Fre: Stengt

Adresse

Eidsvegen 3

4230 Sand