Førebyggande heimebesøk

Me ynskjer å legga til rette for at eldre kan bli buande i sin eigen heim så lenge som mogleg. Hensikta med tilbodet er å bidra til at alle over 77 år som bur heime skal føla seg trygge, oppleva livskvalitet og behalde god helse lengst mogleg.

Kva tilbyr me?

Heimebesøket vert gjennomført av ergoterapeut, fysioterapeut eller sjukepleiar. Me tilbyr ein samtale heime hjå deg der me samtalar om tema som har betydning for ditt kvardagsliv og helse. I samtalen kan du sjølv vere med på å bestemma kva som er viktig for deg å snakka om. Det kan dømesvis vere aktuelle helsespørsmål, ulykkesførebygging, brannførebygging, fysisk- og sosial aktivitet, ernæring, bustadshøve eller utfordringar i det daglege. Me vil også gi informasjon om kommunale- og frivillige tenester og tilbod som finns i din nærleik.

Kven kan få tilbod om tenesta?

Alle innbyggjarar som fyller 77 år i løpet av kalenderåret og alle innbyggjarar over 77 år som ikkje har kommunal helsehjelp i heimen (du får tilbod sjølv om du har praktisk bistand og tryggleiksalarm) kan få tilbod om førebyggande heimebesøk.

Korleis få tilbod?

Tilbodet er frivillig. Dersom du fyller 77 år i løpet av året vil du få tilbod frå kommunen om heimebesøk per brev. Innbyggjarar over 77 år kan også få førebyggande heimebesøk dersom dei sjølv tek kontakt med kvardagsrehabiliteringsteamet.

Kva kostar det?

Førebyggande heimebesøk er gratis.

Kva skjer vidare?

Dersom du fyller 77 år i løpet av året, vil du få tilbod per brev med forslag til dato og tidspunkt me kan komma heim til deg. Om lag ei veke i forkant av føreslått tidspunkt ringer me for å stadfesta om du ynskjer å ta i mot besøk eller ikkje.

Dersom du er over 77 år og har kontakta oss for tilbod om førebyggande heimebesøk vil du få forslag om dato og tidspunkt som du stadfestar at passar for deg. Ved besøket får du ei informasjonsmappe med kontaktinformasjonar til kommunen, samt litt kortfatta informasjon om utvalde tema.  Opplysningar frå besøket vil bli dokumentert i Suldal kommune sitt elektriske journalsystem. Me er underlagt teieplikt etter forvaltningslova.

 

 

Eivor Fugelsøy
Fysioterapeut
E-post
Telefon 52 79 23 36
Mobil 478 11 624
Tone Vold Solheim
E-post
Telefon 52 79 23 34
Mobil 489 97 096
Kjellaug Marie H Vassbø
-
E-post

Opningstid

Mån-fre: 08.00 - 15.00

Adresse

Suldal kommune

v/Fysikalsk avdeling

Eidsvegen 3

4230 Sand