FRISKLIVSSENTRALEN

Gruppebasert trening - Klikk for stort bilete

 

Frisklivssentralen i Suldal er eit lågterskeltilbod for deg som ynskjer hjelp til å ta vare på eiga helse. Du kan gjennom tilboda på sentralen få auka motivasjon til endring av levevanar, og/eller rettleiing til å leve med ulike helseutfordringar. Du treng ikkje å ha ein diagnose for å få hjelp. Frisklivssentralen held til i fysioterapilokala på helsetunet på Sand.

frisklivssentralen-logo-stor.jpg
Du kan ta direkte kontakt med frisklivsrettleiar i kommunen, eller bli tilvist av lege, anna helsepersonell eller NAV. Tilvisinga som helsepersonell i kommunen brukar er ein frisklivsresept. Den gir deg tilgang til tidsavgrensa, strukturert rettleiing og oppfølging, som startar og avsluttast med ein helsesamtale. Frisklivsoppfølginga gjeld i utgongspunktet i 12 veker, men kan forlengast. Målet er at du som deltakar skal bli i stand til å ta vare på eiga helse gjennom eigen aktivitet eller som deltakar i andre lokale tilbod etter oppfølginga.

I tillegg til frisklivsoppfølging har sentralen tilbod om kurs fleire gonger i året.

  • Frisklivskurs er eit tilbod til deg som står i fare for eller som har utvikla ein livsstilssjukdom, til dømes diabetes type 2, hjarte-karsjukdom, KOLS og overvekt. Tilbodet inkluderer individuell samtale samt gruppebasert undervisning og fysisk aktivitet. Kurset varer i 8 veker, to gonger i veka i 2 timar.

Nytt kurs starter i januar 2017.  

  • BRA MAT kurs er eit kosthaldskurs som er både praktisk og teoretisk og er meint til å inspirere i forhold til mat i kvardagen, oppfriske kunnskap om mat og eventuelt motivere til kosthaldsendringar.
    Kurset går over fem samlingar a ca 2 timar.

Nytt kurs starter i slutten av januar 2017Bra mat logo

 

 

Frisklivsresept Suldal (PDF, 171 kB)

Suldal kommune har no oppretta ei bustadsosial rettleiingsgruppe.

Gruppa skal gi råd og rettleiing til privatpersonar som p.g.a. alder eller funksjonsnedsetting treng tilpassing eller ombygging av bustad for lettare å kunne bu i eigen heim. Gruppa skal gi rettleiing om økonomisk støtte ein kan ha krav på, og gi økonomisk rettleiing om nødvendig. Vidare skal gruppa ha byggteknisk kompetanse for å kunne vurdere om føreslåtte endringar og tiltak er realistiske å gjennomføre.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Helene  Fjellheim Midthun
Helene Fjellheim Midthun
Fysioterapeut / Friskliv
52 79 23 40