Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar befolkninga si helse. Folkehelsearbeidet skal betre trivnad, førebyggje psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding samt kartlegge  faktorar som beskyttar mot helsetruslar.

Folkehelsearbeid skal vere sektorovergripande og skal drivast gjennom tiltak i mange sektorar i samfunnet. Berre 10 % av folk sine helseproblem kan helsetenesta sjølv gjere noko med. Dei resterande 90 % må løysast utanfor helsetenesta. Det vil i praksis seie at folkehelsearbeidet er noko som vert gjort i barnehage og skule, på bygdeutvikling, teknisk drift, hjå rådmannen og på dei ulike arbeidsplassane og i samfunnet elles.

Suldal kommune skal leggje opp til sunne og gode val for sine innbyggjarar slik at det vert lettare for alle å ta vare på eiga helse. Dette vere seg gjennom oppmerking av turstiar, oppretting av bustadfelt med leikeplassar, trygg ferdsel, attraktive bustadområde og gode tenestetilbod.

Ut frå dette aspektet som er heimla i Folkehelseloven har kommunen eit stort ansvar for folkehelsa. For at dette skal takast på alvor må det nedfellast i kommunen sine planar.

I Suldal er det ingen eigen plan for folkehelsearbeidet men arbeidet er nedfelt i mellom anna Økonomiplan med handlingsprogram. Kommuneplanar skal rullerast og evaluerast i kort og langt perspektiv. Dette er også godt tilpassa tankegangen i folkehelsearbeidet, som også skal ha både kortsiktige og langsiktige perspektiv. Overordna folkehelsemål vil passa inn i kommunen sine overordna mål. Under dei langsiktige måla, må ein ha satsingar, arbeidsplanar og tiltak med kortare perspektiv.

Folkehelsearbeidet er heimla i Folkehelseloven som tredde i kraft 1. jan 2012.

Meir informasjon og lenkjer

Folkehelseprofil for Suldal kommune 2018
Folkehelseinstituttet
Avtale for partnerskap for folkehelse i Rogaland - Suldal kommune og Rogaland fylkeskommune (PDF, 3 MB)