Ergoterapi

Ergo-/Fysioterapiavdelinga er ei avdeling under Helse og held til på Helsetunet på Sand.

Kva gjer ergoterapeuten?

Ergoterapeuten hjelp menneske til å fungera optimalt i kvardagen når dei har problem med sine daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.

Kva kan ergoterapeuten hjelpa deg med?

  • Kartlegging av funksjon
  • Trening i daglege aktivitetar
  • Tilpassing av aktivitetar og arbeidsvanar
  • Søka om samt tilpassa hjelpemiddel
  • Tilrettelegging i heim, barnehage/skule eller på arbeidsplass
  • Rettleiing, informasjon og undervisning

 

Kven kan få ergoterapi?

Personar som har, eller står i fare for å få, vanskar med å klare sine daglege aktivitetar.

Korleis får eg hjelp av en ergoterapeut?

Ta kontakt med Ergo-/Fysioterapiavdelinga på telefon 52792336, eller henvend deg til Bestillarkontoret i kommunen på telefon 52792360.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Anne Kristin Nordvik
Ergoterapeut
52792336