Er du i ein vanskeleg situasjon?

Her finn du ei oversikt over foreningar og organisasjonar som kan tilby hjelp og støtte.

Er du i ein vanskeleg situasjon?

Kreft

Her finn du tilbod til alle som treng svar eller informasjon om kreft og kreftrelaterte emner.

I lenkene under finn du kontaktinformasjon til fagfolk som spesialsjukepleiarar, juristar og sosionomar.

Kreftforeningen

Kreftomsorg i Suldal kommune

Overgrep, vald og mishandling

Voldtektsmottak

Voldtektsmottaket er eit døgnope akuttilbod ved Helse Fonna sitt område. Voldtektsmottaket tilbyr undersøking inntil 1 veke etter at overgrepet er skjedd. Tilbodet er gratis.

Du kan ta kontakt via sentralbordet ved Haugesund sjukehus (tlf. 52 73 20 00), via politiet (tlf.02800) eller lokal legevakt (tlf.116 117). Det er ikkje eit krav at hendinga er meldt til politiet.

Kontaktinformasjon Voldtektsmottak

Krisesenter

Alle kommunar skal sørgje for eit krisesentertilbod som skal kunne nyttast av personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Suldal kommune er saman med 16 andre kommunar medeigar i Krisesenter Vest IKS som gir krisesentertilbod for innbyggjarane i eigarkommunane.
Krisesentertilbodet har over 30 års erfaring med å ivareta personar som er utsett for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesenteret veit at alle har individuelle behov i ein slik situasjon. Nokon har behov for ein trygg stad å bu, medan andre har behov for samtalar, rådgjeving og støtte. Krisesentertilbodet er like aktuelt uansett kva situasjon du er i.

Du kan ta direkte kontakt med Krisesenteret. Du treng inga tilvising eller timeavtale. Krisesenteret har ein avdeling i Haugesund (tlf. 52729884) og ein på Stord (tlf. 53411212).

Kontaktinformasjon til krisesenter

 

SMISO - Senter mot incest og seksuelle overgrep

Landsdekkande telefon for incest og seksuelt misbrukte: 800 57 000

Kontaktinformasjon SMISO


Din veg ut

Dinveiut.no er ein nasjonal vegvisar ved vald i nære relasjonar, valdtekt, og andre seksuelle overgrep. Her finn du fagstoff og informasjon om ulike hjelpetilbod.

Du finn og ei spørsmål og svar-teneste kor du kan stilla spørsmål anonymt. Nettsida si målgruppe er både dei som er utsett for vald, dei som utfører valden og pårørande.

Dinveiut.no

Rus

Rogaland A-senter

Besøk heimesida deira

Svangerskap og abort

Gravid og usikker?

Hjå Amathea har dei brei erfaring innan spørsmål knytt til uplanlagd graviditet og abort. Alle tenestene deira er gratis, også graviditetstesten.

Her kan du får kompetent rettleiing og informasjon om ulike tilbod samla på ein stad. Du kan kontakta ein rettleiar på tlf. 815 32 005.

Besøk heimesida

 

Sjølvskading og sjølvmord

Årleg tar fleire enn 500 menneske i Noreg sitt eige liv. Strevar du med sjølvmordstankar? Eller kanskje du kjenner nokon som slit?
På heimesida til Nasjonalt senter for selvmordsforskning og – forebygging finn du informasjon om organisasjonar som kan hjelpa.


Besøk heimesida.