Barnevern

Frå 1. september 2017 er barneverntenesta i Suldal og Sauda kommunar slått saman til ei felles barnevernteneste, Indre Ryfylke barnevern, med Sauda som vertskommune.

Barnevernet skal var ein garanti for at alle born og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmuligheter. Dei skal beskytte born mot omsorgssvikt og motvirke at born lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er en blanding av støtte og kontroll. Det skal gi hjelp og støtte slik at heimen skal kunne makte sitt oppdrageransvar, men dei har og plikt til å gripa inn dersom det ikkje nyttar.

Barnevern

Kven kan melde frå til barnevernet?
  • Alle kan melda frå til barneverntenesten dersom dei er bekymra for at born ikkje har det greit. 
  • Offentlig ansatte har plikt til å melda bekymring til barnevernet ved bekymring rundt omsorgssituasjonen til eit barn
  • Familie med behov for hjelp kan sjølv kontakte barneverntenesten.
Kva kan du forventa av barnevernstenesta?
  • Tilsette i barneverntenesta skal møte heile familien med respekt og behandla dei på ein høflig og verdig måte.
  • Nødvendige tiltak skal så langt som mulig utformast i nært samarbeid med dykk
  • Dykk skal få forståeleg informasjon om rettar og plikter og våre vurderingar av borna sin situasjon.
  • Viktig informasjon som dykk eller andre gir oss, skal samlast og arkiverast i tråd med gjeldande lovverk. Dykk har innsynsrett i eigen sak. 
  • Tilsette i barneverntenesta har teiingsplikt
  • Ein forespurnad skal var gjennomgått innan ei veke.
  • Dersom barneverntenesten skal vurdere om det er nødvendig å sette inn tiltak i din familie, skal det som hovudregel var undersøkt og avklart innan tre månader.
Kva kan barnevernet bidra med?
  • Råd og rettleiing
  • Støttekontakt
  • Plass i barnehage/SFO
  • Miljøarbeider i heimen
  • Familieråd
  • Besøksheim
  • Tiltak som stimulerer bornet/ungdommen til fritidsaktiviteter
  • Økonomisk støtte i form av pengar til for eksempel fritidsaktivitetar
  • Formidling av plass i fosterheim, mødreheim eller institusjon
  • Vise til andre instansar som kan yte hjelp og støtte for eksempel PPT, BUP
Barnevernet
Telefon 52 78 60 30

Opningstid

08.00 - 15.00

Adresse

Sand: Eidsvegen 3, 2. etasje Helsehuset

Sauda: Åbødalsveien 79 (Helsesenteret)

Kart

Kart