Barne - og familierettleiarLytt til tekstenStopp avspillingBarne- og familierettleiar er ein ekstra ressurs på helsestasjonen som kommunen tilbyr til familiar med barn frå 0-20 år som treng ekstra oppfølging. Nokre barn treng særleg støtte frå vaksne og nokre vaksne ynsker hjelp til å sjå korleis dei kan støtte barna best mogleg. Barne- og familierettleiar kan du møte på helsestasjonen eller at me kjem heim. Alle er velkomne til å ta kontakt.Det er ikkje ventetid og tilbodet er gratis. Sist endra03.09.2020 12.18