Bom Blåsjøvegen

Suldal kommune startar med innkrevjing av bompenger på Blåsjøvegen frå og med 26.06.2019. Dette er ein automatisk bom med kortautomat.

Prisar

Her finn du prisar

Kor står bommen?

Bommen står like ovanfor Gullingen Turistsenter og skitrekket, ved enden av parkeringsplassen.

Ønskjer du sesongkort?

Send ein mail til postmottak@suldal.kommune.no så kan me sende kort i posten, eller kom innom i Servicetorget eller på Garaneset for å få registrert kort.

Har du fått deg kort?

Då held du kortet mot kortlesaren til venstre på betalingsautomaten og følger instruksjonane for kjøp.

All betaling skjer i automaten ved bommen

Bommen opnar seg automatisk ved utkjøring.

 

NB: hugs å ta vare på sesongkortet, det kan fornyast i automaten til neste år.

Ved tap av kort kjem det eit gebyr på kr 70. 

Inntekt frå bompassering vil gå til vegvedlikehald.

Tormod Hoftun
E-post
Telefon 52 79 24 31
Mobil 916 02 078
Monica Nesbø
E-post
Telefon 52 79 22 00

Adresse

Eidsvegen 7
4230 Sand

Kart

Kart