Vassmålaravlesing

Har du fått brev om vassmålaravlesing? 
Dei som har vassmålar i Suldal kommune skal lese av denne årleg.

Det er sendt informasjon om vassmålarsavlesinga via SMS, Altinn eller digital postkasse. Har du reservert deg mot elektronisk kommunikasjon vil du få eit brev i posten.

I informasjonen du får tilsendt er det oppgitt ein individuell kode du kan nytte for å målarstanden din elektronisk, på lenkja www.leseav.no

Fekk du elektronisk brev men ønskjer deg sms? Via www.leseav.no kan ein òg legge inn mobiltelefonnr om ein ønskjer smsvarsling neste gong det er avlesning.

Dersom du ikkje ønskjer å rapportere målarstanden din elektronisk, kan du nytte svarslippen i brevet og levere denne på servicetorget.

Tormod Hoftun
E-post
Telefon 52 79 24 31
Mobil 916 02 078
Audhild Leirvik
E-post
Telefon 52 79 24 20
Mobil 482 58 590