Kommunalt tilskot til straum

Kommunestyret i Suldal har 14.12.21 vedteke ei ekstraordinær tilskotsordning til straumutgift gjeldande for 2022.

Om ordninga

For 2022 vert det gitt støtte på kr 10.000 kroner fordelt på utbetaling i månadane januar, februar, mars og april.

Tilskotsordninga er avgrensa til følgjande:

  • søkjare må vere folkeregistrert i Suldal pr. 01.desember 2021
  • hushaldningar med forsørgaransvar for born med samla brutto årsinntekt ( eks. barnetrygd og liknande) inntil kr. 600 000,-
  • einslege med samla brutto årsinntekt inntil kr. 400 000,- 

Det kan kun sendast ein søknad pr hushaldning og den som søkjer må være den som straumen/fakturaen er registrert på. 
Dersom opplysnigane oppgjeve er gale vil tilskotet verte krevd tilbakebetalt. 

Dersom du allereie har fått stønad frå NAV til straumutgifter for perioden vert tilsvarande beløp trekt i frå det kommunale tilskotet.

Korleis søkjar eg?

Du søkjer via digitalt skjema. 

Digitalt skjema krevjer innlogging med Bank-ID og ei stadfesting frå søkjar om at opplysningane er rektige. 

Du finn søknadsskjema for utskrift her. (PDF, 139 kB)

For utbetaling i januar må ein søkja innan 20.01.2022.

Treng du hjelp til å søkja?

Ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt dersom du treng hjelp til å søka. Me har gjestePC på kommunehuset og kan hjelpa med utfylling av søknaden din. 

Søkjare som ikkje kan nytta digitalt skjema vil få hjelp til utfylling av søknad på papir.

Du må dokumentera søknaden din

Søknaden må dokumenterast med følgjande vedlegg:
•skattemelding for 2020
•lønnsslipp eller utbetaling frå NAV desember 2021
•kopi av siste straumrekning

Pensjonistar treng ikkje legga ved lønnslipp eller utbetaling frå NAV.

Du kan finn skattemeldinga di på Skatteetaten si heimeside.

Ronny Mehus Rugland
Rådgjevar - økonomi, innkjøp
E-post
Telefon 52 79 22 33
Mobil 957 31 667
Suldal sentralbord
E-post
Telefon 52 79 22 00