Terasse, platting, veranda eller balkong
Terasse, platting, veranda eller balkong
Reguleringsplanen avgjer kva du kan gjere på din eigedom. Den finn du på kommunekart.
Du treng ikkje søkje dersom
- Terrassen/plattingen er lågare enn 0,5 m over ferdig planert terreng. Slike terrassar og plattingar er ikkje omfatta av avstandskrav og kan plasserast nærare nabogrensa enn 4 m.
- Verandaen er inntil 15 m2, utan rom for varig opphald og minst 4 m frå nabogrensa.
- Tiltaket vert bygd med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg.
- Tiltaket er i tråd med reguleringsføresegnene
Kommunen skal informerast om plassering av tiltaket når det er ferdigstilt slik at det kan registrerast inn i kommunen sitt kartgrunnlag.
Du kan søkje og bygge sjølv dersom
- Terrassen/plattingen er under 50 m2
- Verandaen er mellom 15-50 m2 og blir bygd eller riven på einebustad, tomannsbustad eller mindre rekkehus.
Du må søkje med hjelp av fagfolk dersom
- Terrassen/plattingen er over 50m2
- Du skal bygge eller rive ein balkong
Terrasse/platting er ein konstruksjon for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terrenget.
Veranda er ein open bygningsdel, understøtta, og eventuelt overdekka av tak. Den kan og vere lukka som for til dømes ein glasveranda.
Balkong er ein utstikkande og open bygningsdel som er plassert framfor ei vindusdør på bygningens fasade, med rekkverk, og ikkje understøtta.
Publisert av Turid Vaage
Publisert 08.06.2018 13.56