Fasadeendring

Fasadeendring

Fasaden på eit bygg er yttervegger og tak.  Fasadeendringar kan til dømes vere å byte vindu, endre kledning eller taktekking, setje inn ny dør eller å byte til glasrekkverk på balkong. Det er ikkje alle fasadeendringar du må søkje om.

Du treng som hovudregel ikkje søkje dersom

  • du skal skifte tak, men ver klar over at det kan vere søknadspliktig dersom det medfører at taket blir heva.
  • du endrar heile fasaden tilbake til slik det var før (dokumentasjon kan bli krevd)
  • du skal skifte, setje inn eller fjerne vindu eller dør så lenge ikkje bygningen endrar karakter

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom fasadeendringa

  • fører til at bygningen endrar karakter
  • fører til inngrep i berande konstruksjonar
  • fører til inngrep i brannvegger eller andre brannsikre bygningsdeler
  • er nærare enn 4 m frå nabogrensa
  • gjer at krava til lys, rømming eller branntryggleik ikkje blir oppfylt

Ver merksam på at fasadeendringar på bygningar med kulturminneinteresse oftare vil føre til at bygningen endrar karakter – og dermed vil vere søknadspliktige.

Dersom du endrar fasaden fordi bruken av eit rom skal endrast, til dømes frå bod til soverom, må du søkje om bruksendring. Fasadeendringa blir då ein del av denne søknaden.

Dagfinn Hatløy
Leder
E-post
Telefon 99 50 50 94
Mobil 99 50 50 94
Helge Haatveit
Rådgjevar
E-post
Telefon 45 61 69 97
Mobil 45 61 69 97