Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Haugaland brann og redning iks utførar feiing og tilsyn med fyringsanlegg (skorstein og ildstad) i Suldal kommune. Etter forskrift om brannforebyggjing §17 skal kommunane sørga for feiing og tilsyn med fyringsanlegg som brukas til oppvarming av byggverk. Arbeidet består i å gjer deg som eigar merksam på feil og manglar slik at dei kan utbetras før ein brann oppstår.
 

Eigars førebuing før tilsyn:

Eigar eller representant for eigar må vere tilstade under tilsyn.
Det må ver tilkomst til heile fyringsanlegget. Med fyringsanlegg meinas skorstein i heil lengde, ildstad, røykrøyr, sotluka og feieluka.
Sot bør vere fjerna frå sotluka før tilsyn for innvendig kontroll av skorstein.
Eigar vert varsla seinast to virkedagar før tilsyn. Om varsla tidspunkt ikkje passar, kan det avtalas nytt tidspunkt med feiaren. Om eigar eller representant for eigar ikkje er tilstade på avtalt tidspunkt for tilsyn må ein venta til neste tilsynsrunde.

Samtlege feiare frå Haugaland Brann og redning IKS er uniformerte og ber ID kort.

Kva skjer ved tilsyn?

Feiaren skal under tilsynet vurdera forhold ved fyringsanlegget som har betydning for branntryggleiken og sjå til at atkomsten for feiing er tilfredsstillande.
Om det avdekkas avvik under tilsyn, vil eigar motta tilsynsrapport i etterkant av tilsynet.

Tilsynet omfattar og:

Rettleiing om røykvarslare, slokkeutstyr (husbrannslange og brannslokkingsapparat) og rømningsveger.
Informasjon om fyring og gode fyringsvanar.
Informasjon om generell branntryggleik.

Haugaland Brann- og redning IKS
E-post
Mobil 919 10 111