Prisar og betaling

For barnehageåret 2018/2019 gjeld følgjande prisar:

Dagar pr. veke Pris
5-dagars tilbod kr 2910
4-dagars tilbod kr 2580
3-dagars tilbod kr 1990

I tillegg betalar ein matpenger som er på kr. 80 x antal dagar barnet har barnehageplass. (400 kr i månaden for full plass).

Prisar og betaling

Søskenmoderasjon

Du betalar 70% for born nr. 2.
Du betalar 50% for born nr. 3 eller fleire.

Du skal ikkje søke om søskenmoderasjon, det skjer automatisk.

Redusert pris for barnehageplass

Føresatte med låg inntekt

Hushaldningar med lågare samla brutto årsinntekt enn kr 533 500.- kan søke om redusert pris.
 

Gratis kjernetid

Alle 3, 4, og 5-åringar, og born som har utsett skolestart, i familiar med samla brutto årsinntekt under kr 533 500,- (gjeld barnehageåret 2018/2019) kan søkje om 20 timar gratis barnehage per veke.
 
For barnehageåret 2018/2019 gjeld gratis kjernetid for barn født i 2013, 2014 og 2015.
 
Redusert pris barnehage
Inntektsintervall 2018/2019 5 dagar 4 dagar 3 dagar
1. 0 - 3 G (kr 289.092) Friplass Friplass Friplass
2. Under 533.500 kr 1 910 kr 1 730 kr 1 330
3. Over 533.500 kr 2 910 kr 2 580 kr 1 990
4. Gratis kjernetid for 4-5 åringar (289`-553`) kr 1 620 kr 1 030 kr 450

 

 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. august, for å få innvilga redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid frå 1. september.
 
For søknadar undervegs i barnehageåret er innleveringsfrist innan 15. for gjeldande fakturamånad. Ny betalingssats vil ikkje gi tilbakeverkande kraft. Dersom dokumentasjon ikkje leverast inn, vil opphaldsbetalinga setjast på høgaste sats. Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid vil bli gitt for inntil eit barnehageår om gongen.
 
 

Slik søkjer du

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid må ein søkja om å få. 

Søknadsskjema finn du her. 

 
Hvis foreldra har delt omsorg skal inntekta i husstanden der bornet har folkeregistert adresse leggast til grunn.
 
Dokumentasjonskrav for barnehageår 2018/2019 er skattemelding frå 2017. Alle skattepliktige inntekter skal oppgis, dette gjeld også inntekter som ikkje er forhåndsfylt på skattemeldinga.
 
Om du ikkje har skattemelding må du legga ved annan form for dokumentasjon på inntekt. Dette kan for eksempel vera kopi av lønnslipp fra arbeidsgivar eller utbetalingar fra NAV.
Kjøp av enkeltdagar

Dersom barnet har barnehageplass i Suldal kommune, kan du kjøpa enkeltdagar ved ledig plass i barnehagen. Pris for enkeltdag er kr. 320,- Dersom du ønskjer dette må du ta kontakt med barnehagen.

For meir utfyllande informasjon, sjå vedtektene for barnehagane i Suldal.  (PDF, 354 kB)