Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Kor kan eg søkja barnehageplass?
Kva type barnehageplassar kan eg søkja på?

I Suldal kommune har me tilbod om:

  • 3-dagars plass
  • 4-dagars plass
  • 5-dagars plass
Er det full barnehagedekning i Suldal?

Ja, Suldal kommune har full barnehagedekning. Det vil sei at alle barn som søkjer innan fristane 1. september og 1. mars blir garantert plass i den barnehagen dei søkjer på førsteplass. Dei som søkjer utanom fristane får plass i næraste barnehage med ledig kapasitet dersom barnehagen dei har som første ønskje ikkje har ledig.

Barn som blir 1 år i september, oktober og november får plass innan den månaden dei blir 1 år.

Søknadsfristar

Du kan søkja barnehageplass gjennom heile året. Blir det ledige plassar gjennom barnehageåret, blir desse tildelt barn som står på ventelista. Søknadsfrist til opptaka er 1. september og 1. mars.

  • Søkjer du barnehageplass innan 1. september er du garantert plass frå og med nytt kalenderår.
  • Søkjer du barnehageplass innan 1. mars er du garantert plass frå og med nytt barnehageår (medio august).
Kva gjer eg før eg søkjer?

Alle som ønskjer overflytting til ein annan barnehage og som ikkje har ein søknad inne, må senda inn ein ny søknad.

Alle som ønskjer overflytting til ein annan barnehage, og som har ein søknad inne,  gå inn på Min Side i Oppvekstportalen og oppdatera søknaden.

Alle som ønskjer å gjera endringar av allereie innsendt søknad, må gjera dette på Min Side i Oppvekstportalen.

Alle må søkja elektronisk! Dersom du treng hjelp til å fylla ut skjemaet kan du ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt som vil hjelpa deg med dette.

Du må oppgi e-postadresse i søknaden. Du vil då motta ein elektronisk bekreftelse når søknaden er registrert hjå oss.

Det kan registrerast inntil 2 ønskjer pr barn.

Når er hovudopptaket i Suldal kommune?

Suldal kommune har 2 hovudopptak i året. Søknadsfristen for desse er 1. mars og 1. september.

Svar på søknad i samband med opptaka vil bli sendt ut ca. 2 veker etter opptaket.

Søknaden kan leggjast inn elektronisk gjennom heile året, dersom du blir ståande på venteliste vil du med jamne mellomrom få spørsmål om du vil bli ståande her.

Korleis er opptaksprosessen?
  1. Du søkjer barnehageplass i Oppvekstportalen.
  2. Du får melding når kommunen har mottatt søknaden din.
  3. Kommunen kan anten tilby deg barnehageplass eller avslå søknaden om barnehageplass.
  4. Dersom kommunen tilbyr barnehageplass får du tilsendt eit tilbodsbrev som du takkar ja eller nei til ved å logga inn i Oppvekstportalen.
  5. Dersom kommunen avslår ein søknad vil du få melding om dette, og du får moglegheit til å bli verande på venteliste eller avslutte søknaden ved å logga deg inn i Oppvekstportalen.

Om du takkar ja til plassen vil barnehagen kontakta deg med meir informasjon for oppstart.

Kva gjer eg om eg ønskjer å endra barnehageplass?

Dersom du allereie har ein barnehageplass i Suldal, men ønskjer å endra denne – kan du søkja om det Oppvekstportalen.

  • Gå på Min side
  • Plasseringane mine

Søkje om endra plasstype

Kva kostar ein barnehageplass?

Betalingssatsar for barnehage

Betalingssatsar for barnehage
Foreldrebetaling barnehage Pris barnehage Betaling for kost (matpengar) Sum
5 dagar kr 1500 kr 512 kr 2012
4 dagar kr 1330 kr 410 kr 1740
3 dagar kr 1030 kr 307 kr 1337
Tilfeldig opphald kr 371 pr. dag kr 388 pr. dag

Elles tilbyr Suldal kommune redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for familiar med lågare inntekt enn dette. Sjå neste spørsmål for meir informasjon

Kven kan få inntektsgradert foreldrebetaling og gratis kjernetid?

Dersom maksprisen er høgare enn 6% av hushaldninga si samla inntekt, kan du søke om redusert pris.

Familiar med bruttoinntekt under 3G (G = folketrygdens grunnbeløp) har rett på gratis barnehageplass (men må betale matpengar).

Alle 2 til 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. I dag gjeld det alle familiar med en samla inntekt under NOK 598 825 (frå 1. aug. 2022).

Ved hovudopptak og nytt barnehageår er innleveringsfristen for dokumentasjon 15. august, gjeldande frå 1. september. For søknadar undervegs i barnehageåret er innleveringsfrist innan 15. for gjeldande fakturamånad. Ny betalingssats vil ikkje gi tilbakeverkande kraft. Dersom dokumentasjon ikkje leverast inn, vil opphaldsbetalinga setjast på høgaste sats. Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid vil bli gitt for inntil eit barnehageår om gongen.

Kan ein få søskenrabatt i barnehagen?

Dersom barnet har søsken i barnehage får du 30% reduksjon på prisen for det andre barnet, barn nr. 3 og oppover får gratis plass

Kan ein kjøpa enkeltdagar i barnehagen?

Dersom barnet har barnehageplass i Suldal kommune, kan du kjøpa enkeltdagar ved ledig plass i barnehagen. Pris for enkeltdag er kr. 350,- Dersom du ønskjer dette må du ta kontakt med barnehagen.