2 Søknad om opptak
Søknad om opptak skal gjerast via oppvekstportalen.
Skulane, eller innbyggarkontakt, kan og gje hjelp til å søkja.
Hovudopptak for hausten skjer med søknadsfrist 1. mars dersom ikkje anna blir kunngjort. Det kan og søkjast om plass i SFO gjennom året.
Skriftleg stadfesting vert sendt etter endeleg opptak er gjennomført. Dersom eit barn treng særleg tilrettelegging for å vera i SFO (t.d. ekstra utstyr, ekstra tilsett), må føresette opplysa om det i søknaden og eventuelt dokumentera behovet.
Rektor gjennomfører opptak. Etter forvaltningslova §29 er dette eit enkeltvedtak med rett til å klaga på avgjerda innan tre veker etter mottatt svar.
Barnet som får opptak i SFO har denne plassen til han/ho går ut av 4. klasse, dersom ikkje det blir søkt om endring eller plassen blir sagt opp.