Om søknad og betaling i barnehage Om barnehageopptaket Full barnehagedekningMe har full barnehagedekning. Det vil sei at alle barn som søkjer innan fristane 1. september og 1. mars blir garantert plass i den barnehagen dei søkjer på førsteplass. Dei som søkjer utanom fristane får plass i næraste barnehage med ledig kapasitet dersom barnehagen dei har som første ønskje ikkje har ledig.Barn som blir 1 år i september, oktober og november får plass innan den månaden dei blir 1 år. 2 hovudopptak i året.Søkjer du barnehageplass innan 1. september er du garantert plass frå og med nytt kalenderår.Søkjer du barnehageplass innan 1. mars er du garantert plass frå og med nytt barnehageår (medio august). Me sender ut svar på søknaden din ca. 2 veker etter hovudopptaket. Rullerande opptak.Du kan også søkja barnehageplass gjennom heile året, altså utanom hovudopptaka. Blir det ledige plassar gjennom barnehageåret, blir desse tildelt barn som står på ventelista. Korleis søkjaDu søkjer barnehageplass i Oppvekstportalen.Du får melding når me har mottatt søknaden din.Me kan anten tilby deg barnehageplass eller avslå søknaden om barnehageplass.Dersom me tilbyr barnehageplass får du tilsendt eit tilbodsbrev som du takkar ja eller nei til ved å logga inn i Oppvekstportalen.Dersom me avslår ein søknad vil du få melding om dette, og du får moglegheit til å bli verande på venteliste eller avslutta søknaden ved å logga deg inn i Oppvekstportalen. Om du takkar ja til plassen vil barnehagen kontakta deg med meir informasjon for oppstart. Søk og endre barnehageplass i Oppvekstportalen I Suldal kommune har me tilbod om:3-dagars plass4-dagars plass5-dagars plass Søk plassDu kan søkja barnehageplass i Oppvekstportalen herDu må senda inn ein ny søknad dersom du vil flytte plass til ein ny barnehage, eller søkje for første gongDersom du treng hjelp til å søkja kan du ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt som vil hjelpa deg med detteDu må oppgi e-postadresse i søknaden. Du vil då motta ein elektronisk bekreftelse når søknaden er registrert hjå ossDu kan registrera inntil 2 ønskjer pr barn. Endra plassDu kan endra barnehageplass i Oppvekstportalen herDersom du allereie har ein barnehageplass i Suldal, men ønskjer å endra denne – kan du søkja om det Oppvekstportalen.Gå på Min sidePlasseringane mineSøkje om endra plasstype Pris og betaling På denne sida finn du informasjon om pris og betaling for barnehageplass. Redusert foreldrebetaling Søknadsfrist20. juni er søknadsfristen for å få redusert foreldrebetaling fom. 1. august20. juni er søknadsfristen for å få gratis kjernetid fom. 1. august Søskenrabatt Dersom barnet har søsken i barnehage eller SFO, kan du få 30% reduksjon på prisen for det andre barnet. Barn nr. 3 og oppover får gratis plass. For å få søskenmoderasjon for søsken som går i og SFO, må den som mottar faktura frå oss vera den same begge stader. Då registrerer systemet vårt automatisk at de skal ha søskenmoderasjon. Kjøp av ekstra enkeltdagar Dersom barnet har barnehageplass i Suldal kommune, kan du kjøpa enkeltdagar ved ledig plass i barnehagen. På denne sida kan du finna pris for kjøp av enkeltdag i barnehagen.Dersom du ønskjer dette må du ta kontakt med barnehagen. Publisert 27.05.2024 14.11