Varsel om oppstart av detaljregulering for gnr. 149, bnr. 96, Stølane Aust i Erfjord

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Suldal kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for gnr. 149 bnr. 96 på Stølane Aust i Erfjord, Suldal kommune. Kart over planområdet finn du her. (PDF, 2 MB)

 

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for bustadar. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for nye bustadar og tilkomstveg til desse, samt å legge til rette for parkering for eksisterande grendahus. Tilkomsten til området er tenkt via eksisterande veg som går gjennom tilgrensande bustadområde.

 

Området er av Suldal kommune vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då reguleringa er i samsvar med overordna plan.

 

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no – innan 27.02.2017.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen.

Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Fann du det du leita etter?