Tilbod om foreldrerettleiingsgruppe på helsestasjonen

Kurset vil byggja på ICDP (International Child Development Program), eit internasjonalt verktøy med fokus på å styrka foreldrerolla og samhandlinga med bornet.

I programmet treff ein andre foreldre, deler erfaringar og drøftar gleder og utfordringar som gjeld forholdet mellom born og foreldre. Ein drøftar nære tema i ei ikkje-belærande rettleiingsgruppe.

Første samling blir måndag 14. november kl 13:30 og varer frå halvannan til to timar. Tilbodet er gratis og går over 8 samlingar.

Dersom dette skulle vera av interesse, ta kontakt med Kari Myklebust (404 06 313) eller Alma Eyfjord Hiim (404 18 962).

Vil du vita meir? Sjå www.icdp.no

 

Fann du det du leita etter?