Spyleflaum i Suldalslågen - spyleflaum 2 startar kl 09.00 den 20.10.

Statkraft startar oppregulering av den første spyleflaumen måndag 17.10 ca kl 8.

Dei gjer spesielt oppmerksam på dette:

Det vil i denne perioden vere sterk straum oppstraums dam ved Suldalsosen. Ferdsel på vatnet i dette området er forbunde med stor fare.

Vi vil understreke at vasstanden i Suldalslågen vil auke raskt, og tilrår alle å fjerne eller sikre verdiar i strandsona.

Litt teknisk informasjon: 

  • Det tek i underkant av 1 time frå me startar opning av luker på Suldalsdammen til tappinga frå Suldalsvatnet er oppe på 200 m³/s.
  • Etter at det har vore tappa meir enn 200 m³/s i 24 timar startar me nedreguleringa
  • Nedreguleringa tek ca. 21 timar
  • Det tek ca 3 timar før vassføring endrar seg ved Larvika/Sand (og endringshastigheit er betydeleg dempa)

Utfyllande informasjon (PDF, 75 kB)

Fann du det du leita etter?