Ordninga med gratis strøsand frå kommunen vert tilgjengeleg også denne vinteren

Det er etablert 3 henteplassar for 5 liters kanner/spann med strøsand.

Kannene/spanna med sand er plassert på Jelsa bu- og omsorgsenter, Vinjar bu- og omsorgssenter og Sand bu- og omsorgsenter ved hovudinngongen til Bjødnateigen.

Tiltaket er berekna på eldre eller for dei som av helsemessige grunnar ikkje kan klara å ordna seg strøsand sjølv.

Sanden kan stå i gangen for å vera lett tilgjengeleg når ein til dømes skal  ut i postkassen eller har andre ærend rundt huset. Me håpar på denne måten å bidra til førebygging av fallulukker. 

For dei som ikkje kan henta sjølv og heller ikkje kan få  andre til å henta for seg kan ein ta kontakt med servicetorget på kommunehuset telefon 52 79 22 00 eller på  e- post postmottak@suldal.kommune.no for å få sand køyrt heim.

Tilbodet er gratis.

Det er berre dei som treng hjelp til køyring som må kontakta kommunen. Andre hentar sjølv.

Fann du det du leita etter?