ICE MUSIC Konsert og klimaforedrag, måndag 14.nov. kl.19.30

icemusic.jpg - Klikk for stort bilete

Kan ein spela på is? Ja, det er fullt mogleg. Terje Isungset turnerer verda over med eit unikt konsept. Han får lyd ut av isblokker og istappar og blæs forunderlege tonar ut av horn av is! Alt dette; saman med vakre bilete og bruk av lys og lyd vert magisk og vi vert tekne med inn i isen si visuelle vakre verd. Og alt dette utan å fryse!

 

 

 Nå kan kulturhuset endeleg ønskje velkomen til konsert med verdas einaste ismusikar, Terje Isungset. Det er 16 år sidan han gjorde ismusikk til si «greie», og i løpet av desse åra har han spelt på isinstrument meir eller mindre over heile verda, og ikkje berre vinterstid. Isinstrumenta hans tåler også sommartemperaturar – over ei viss tid. Ingen andre enn Terje Isungset gjer dette mogleg. Grip sjansen til ei unik oppleving.

Is er så mangt; isbitar til å ha i paraplydrinken, det tynne glatte laget på asfalten som får oss til å frykta lårhals og armbrot, Jostedalsbreen og Folgefonna. Dei siste åra har forskarane gjort oss merksame på korleis klimaforandringane har endra på isbreane våre. Dei smeltar og spesielt på iskalotten rundt Antarktis har is på storleik med heile kontinent reve seg laus. Kva som skjer og kva grunnen er kan Silje Smith-Johnsen frå Bjerknes instituttet og Universitetet i Bergen, fortelja meir om. Ho er glasiolog, altså ekspert på is og snø, og har studert endringane på isfjell, m.a. på Svalbard.

Så denne kvelden får du mykje for pengane. Eit interessant og lærerikt foredrag om dette kalde materialet og ei forunderleg musikalsk oppleving.

Fann du det du leita etter?