Suldal Bad - Opning vinter 2018/2019

Me ynskjer å bli den best besøkte innandørs symjehallen i Rogaland, med 25 meters basseng, terapibad, stupetårn, vassklie, utandørs boblebad, badstove, klatrevegg og kafe.

Suldal Bad ligg på Sand i Suldal, på ei av dei flottaste tomtene i bygda, med flott arkitektur og med fjordutsikt. Vatnet held 28 grader, med unnatak av barnebasseng, terapibad og boblebad, som held 32 – 38 grader.  Perfekt folkebad, attraksjon og aktivitetsparadis for både store og små, fastbuande og turistar.

Me ynskjer å ha eit bredt tilbod 7 dager i veka. 

Viss du har spørsmål om  Suldal Bad kan du ta kontakt med Bonolo Ramphomane-Aandahl på mail eller på telefon 52 79 24 07.

Følg oss på facebook!