Korleis søkje på ei stilling?

Viss du har problem med å logga deg inn kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52 79 22 00.

Korleis søkje på ei ledig stilling

Ny søkjar

Dersom du ikkje har registrert deg tidlegare må du trykke på feltet "Registrer søker" og fyll ut opplysningane du blir bedt om. Du får tilsendt ein e-post med passord. 

For tilsette i kommunen

Metode 1:

Dersom du er eller har vore lønsmottakar i Suldal kommune, er du allereie oppretta som brukar i vårt løns- og personalsystem. Systemet kjenner deg igjen på tildelt brukarnamn og passord, som er knytt til e-postadressa di.

Metode 2: Søk frå kommunal datamaskin

Logg deg inn på intranett på arbeid med brukarnamn og passord. Vel "Visma Enterprise" og du får opp biletet under:

Velg "Ledige stillinger" og du får opp oversikten over stillingar som er lyst ut, både internt og eksternt. Trykk på stillinga du vil søkje på og vel "søk på stilling". 

Gløymd passord
Her finn du rettleiing på korleis du skal endre passord viss du ikkje hugsar brukarnamn eller passord:

 

Skal eg leggja ved attestar og vitnemål?

Nei, du må ta med deg attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Du skal bare leggje inn søknad og CV når du søkjer på stillinga.

Kven kan søkje på interne stillingar?

Du kan søkje på interne stillingar dersom du har ei fast stilling eller eit vikariat i kommunen.

For å søkje på stillinga må du logge inn med adressa som du får lønnslippen din på eller søkje via intranett på kommunal datamaskin. Viss du har gløymd passordet ditt vel du "glemt passord/brukarnavn", så får du eit nytt passord på same e-posten som du mottekk lønnslippen din på.