Blir du med og deltar i eit viktig og spanande arbeid i haust? Suldal kommune har behov for valmedarbeidarar til årets stortingsval.
Frist for å melde interesse er 15. juni.
Vallova stiller strenge krav til eit korrekt valresultat. Derfor stiller me krav til den som skal vera valmedarbeidar. Alle som arbeider med val vil få opplæring i dei oppgåvene dei skal utføre.
Me ønskjer deg som:
- Er over 18, eller fyller 18 år i løpet av 2023.
- Har bank-ID for å kunna logga på valadministrasjonsprogammet EVA og ha grunnleggande datakunnskap
- Du må vere nøyaktig og kunne arbeide under press, og yte god service i rettleiing av veljarar.
Når skjer valet?
Valet går føre seg i 7 ulike vallokale måndag 11. september. Vallokala har varierande opningstid, i dei minste kretsane frå 12:00 – 19:00 til dei største som har frå 10:00 – 20:00.
Arbeidsdagen for valmedarbeidarane kan verta delt inn i to skift, men det er opp til leiar i røystestyret å organisere arbeidet i vallokalet.
Godtgjersle
Det blir dekka eventuell tapt arbeidsforteneste, og ei godtgjersle på 1.500 kr til valmedarbeidarane.