Informasjon til ungdom 16–19 år
Kva er smittsam hjernehinnebetennelse?
Smittsam hjernehinnebetennelse kjem av meningokokkbakteriar og smittar gjennom spytt. Dei vanlegaste bakterietypane heiter A, C, W, Y og B. Mange kan ha bakterien i halsen utan å bli sjuke, men dei kan likevel smitte andre. Hos nokre kan bakterien gje hjernehinnebetennelse eller blodforgifting. Sjukdomen utviklar seg raskt og kan vere livstrugande – om lag 1 av 10 som blir sjuke, døyr.
Kvifor er ungdom spesielt utsette?
Ungdom har oftare meningokokkar i halsen enn andre og deltek i aktivitetar som aukar risikoen for smitte, som tett sosialt samvær, festing, deling av flasker, høgt alkoholforbruk, røyking og lite søvn. I Noreg gjeld dette særleg russetida, men også festivalar, idrettsarrangement og leirar.
Korleis kan du verne deg?
Du kan redusere risikoen for sjukdom ved å:
- Ikkje dele flasker, glas eller røyk med andre.
- Få nok søvn og ha eit lågt alkoholforbruk.
- Unngå røyking og røykfylte miljø.
- Kontakte helsepersonell raskt ved feber, hovudverk, utslett eller nedsatt medvit.
Vaksinasjon gir den beste beskyttinga.
Om vaksinane
- Vaksine mot meningokokk A, C, W og Y: Éi dose, pris ca. 400 kr. Verknaden varer i omtrent 5 år.
- Vaksine mot meningokokk B: To dosar, pris ca. 1000 kr per dose. Det bør gå 1–6 månader mellom dosane.
Begge vaksinar kan setjast samtidig. Det tek rundt to veker før vaksinen gir full verknad. Vanlege biverknader er lett raudheit og ømheit på stikkstaden, hovudverk eller kvalme.
Ta kontakt med helsesjukepleiar eller følg informasjon frå skulen din for påmelding og tidspunkt for vaksinering.