Suldal kommune ved barnehagemynde behandlar følgjande søknadar frå barnehageeigar i Sauda og Suldal kommune:
Søknad om dispensasjon frå utdanningskravet
Lov om barnehagar §25: Pedagogiske leiarar må ha utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærarutdanning er annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar § 3: Barnehageeigar kan søkja om midlertidig dispensasjon frå utdanningskravet til styrar og til pedagogisk leiar for eit år om gongen, dersom barnehageeigar har lyst ut stillinga og ein ikkje har fått kvalifiserte søkjarar.
Søknad om dispensasjon frå norm om pedagogisk bemanning
Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar § 1: Barnehagen skal ha ein forsvarleg pedagogisk bemanning.
Barnehagen skal ha minst ein pedagogisk leiar per syv barn under tre år og ein pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. Eit barn til utløyser krav om ein ny fulltidsstilling som pedagogisk leiar. Barn blir rekna for å vera over tre år frå og med august det året dei fyller tre år.
Styrar sin tid til administrasjon og leiing skal ikkje inngå i berekninga av normen for pedagogisk bemanning.
I barnehagar der over halvparten av barna har avtalt kortare opphaldstid enn seks timar per dag, skal omrekna heltidsplassar leggjast til grunn i berekninga av normen for pedagogisk bemanning etter andre ledd.
Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar § 2:
Kommunen kan innvilga dispensasjon frå § 1 for inntil eit år om gongen dersom særlege omsyn tilsier det og barnehageeigar søkjer om dispensasjon. Barnehageeigar skal leggja ved uttalelse frå barnehagens samarbeidsutval i søknaden.
Formålet med utdanningskravet og pedagognorm
Formålet med utdanningskravet og pedagognorm er å sikra at barnehagen har nok tilsette med pedagogisk kompetanse til å ta i vare bornas behov for omsorg, leik og læring, sosial tilhøyrsle, utviklingsstøtte samt å ta i vare barn sin rett til medverknad. Pedagogisk leiar har plikt til å legga individuelle omsyn til grunn for det pedagogiske opplegget.