Takk for at du deltok ved førre val. Suldal kommune har behov for valmedarbeidarar òg til årets kommunestyre- og fylkestingval.
Frist for å melde interesse er 21.mai.
Vallova stiller strenge krav til eit korrekt valresultat. Alle som arbeider med val vil få opplæring i dei oppgåvene dei skal utføre.
Me ber deg som tidlegare valmedarbeidar fylle ut dette skjema.
Når skjer valet?
Valet går føre seg i 7 ulike vallokale måndag 11. september. Vallokala har varierande opningstid, i dei minste kretsane frå 12:00 – 19:00 til dei største som har frå 10:00 – 20:00.
Arbeidsdagen for valmedarbeidarane kan verta delt inn i to skift, men det er opp til leiar i røystestyret å organisere arbeidet i vallokalet.
Godtgjersle
Det blir dekka eventuell tapt arbeidsforteneste, og ei godtgjersle på 1.500 kr til valmedarbeidarane. Leiar i røystestyra får godtgjersle på 2000 kr. Det blir også utbetalt kr 500 for obligatorisk opplæring.