Etterisolering og skifte av vindauge i bustadhus
- Ordninga gjelde berre private hushald
- Tilskotet vil utgjera mellom 10-50% av investeringskostnaden
- Tilskot kr/kvm, sjå illustrasjon under. Vil gjelde hus frå 1987 og eldre
- Areal og U-verdi på isolasjon og vindauge før og etter gjennomføring av tiltaket må koma fram i tilbodet eller på fakturaen.
- Du kan ikkje kombinera denne støtta med støtteordning «oppgradering av bygningskropp" (totalrenovering) frå Enova.
- Maksimal støtte er kr 75.000,-
Etterisolere yttervegg/tak 10 cm
Støtte/kvm: Kr. 500
U-verdi før tiltak: >0,3
U-verdi etter tiltak: <0,22
Etterisolere yttervegg/tak 15 cm
Støtte/kvm: Kr. 600
U-verdi før tiltak: >0,3
U-verdi etter tiltak: <0,18
Etterisolere tak mot loft
Støtte/kvm: Kr. 350
U-verdi før tiltak: >0,3
U-verdi etter tiltak: <0,18
Etterisolere golv mot kald kjellar
Støtte/kvm: Kr. 350
U-verdi før tiltak: >0,3
U-verdi etter tiltak: <0,2
Nye vindauge
Støtte/kvm: Kr. 2000,-
U-verdi før tiltak: >2
U-verdi etter tiltak: <1,2
Generelt om ordninga:
- Du kan søkja om støtte for dette tiltaket ut 2023. Det er lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026.
- Du kan søkja om tilskot både i forkant og etterkant av når tiltaket blir gjennomført. Du kan søkja om tilskot for tiltak som er gjennomført etter 01.10.2022.
- Dersom du gjennomfører tiltaket før du søkjer må du i søknaden legge ved kopi av utført arbeid og faktura.
- Dersom du søkjer i forkant må tilbodet du har motatt følgje søknaden. Når du får faktura må du senda kopi til kommunen som betaler ut støtta.
- Det er søkjaren sitt ansvar å undersøka med Suldal kommune v/bygdeutvikling om tiltaket er søknadspliktig og deretter søkja om byggeløyve.
- Du må vera juridisk eigar av bustaden.